EVINY FORNYBAR AS

Vi søker ny medarbeidar til teamet vårt i Førde

Energimontør / Energioperatør

Alt startar med ein dråpe vatn 

 

Eviny Fornybar er ein del av kjerneverksemda  i Eviny og ein viktig bidragsytar i vår jakt på null utslepp gjennom fornybar kraftproduksjon. Vår kjerneoppgåve er å skape meirverdi av vatnet, og i dag er verdien av fornybar og regulert energi større enn nokon sinne. 

I hundre år har vasskraft vore grunnlaget for vår verksemd og vi er klare for hundre til. Drift av kraftverk har alltid kravd avansert teknologi, og framover ligg det stort potensiale i å utvikle teknologien og tilnærminga for korleis vi drifter våre anlegg. 

 

Vi søker ny kollega til vårt tekniske team i Førde. Driftsområde Førde er organisert som ein sjølvstendig seksjon, som har drift- og vedlikehaldsansvar for 11 kraftstasjonar med tilhøyrande reguleringsanlegg. I stilling som Energimontør/Energioperatør vil du få arbeide med varierte oppgåver innan drift, vedlikehald og reparasjonar av selskapets kraftverk. Vi vil gi deg god opplæring for å lukkast i rolla.  

 

Stillinga har Førde som (kontraktuell) arbeidsstad, men dei fleste av våre fagarbeidarar har servicebil og praktiserer direkte frammøte på oppdragstad. Noko reising mellom geografiske område må påreknast. 

  

Ansvarsområde og kjerneoppgåver i rolla 

  • Drift og vedlikehald av kraftverk med tilhøyrande anlegg  
  • Planlegge og dokumentere vedlikehald i vårt FDV system  
  • Delta i ny montasje, rehabiliterings og vedlikehaldsprosjekt  
  • Praktisere som LFS  
  • Delta i tverrfaglege team  
  • Delta aktivt i HMS og forbetringsarbeid  
  • Bidra i tilstandsvurdering og analyse  
  • Bidra til avdelinga sitt mål innanfor HMS og kvalitets arbeid samt oppfylging av 5S  
  • Kan tilleggas rolle som byggeleiar, arbeidsleiar, teamleiar, ledsager for eksterne etc.  
  • Må kunne delta i vaktordning   

 

Krav til kompetanse og ferdigheiter for å lukkast i rolla 

  • Fagbrev som energimontør, energioperatør er ynskjeleg, men anna relevant formalkompetanse som fagarbeidar elektro kan vurderast 
  • Ynskjeleg med Teknisk fagskule med studieretning innan Elkraft   
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av elektriske høgspenningsanlegg  
  • Erfaring iht kjerneoppgåver i stillinga er ynskjeleg 
  • Gode kunnskapar i bruk av PC som arbeidsverktøy og innan IT og adm. programvare  
  • Beherske norsk språk både skriftleg og muntleg  
  • Minimum førarkort kl B   
  • Gode samarbeidsevne og evne til å skape resultat saman med andre blir vektlagt  
  • Etterleve våre verdiar; ta ansvar, gå foran og skape resultat  

Eviny Fornybar AS forvaltar kritisk infrastruktur og fylgjer retningslinjer og lovpålagte sikkerhetskrav frå norske myndigheiter i våre rekrutteringsprosessar. Med heimel i Kraftberedskapsforskrifta, føretek vi bakgrunnssjekk ved tilsetting, etter å ha fått samtykke frå deg. Det er ein føresetnad for tilsetting at du tilfredsstiller bakgrunnssjekk. 

 

Kvifor bli ein del av vårt team og selskap?  

Eviny Fornybar AS er eit solid selskap med sterke fagmiljø og gode utviklings og karriere moglegheiter. Vi tilbyr interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med gode personal- og velferdsordningar.  

 

Ta gjerne kontakt med Helge Vidar dersom du ynskjer å vite meir om rolla og ha ei uformell samtale om ditt eventuelle kandidatur for rolla.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltredelse:

Etter nærmere avtale

Arbeidssted:

Førde

Adresse:

Firdavegen 5 6800 Førde